top of page

MØDREVARIASJONAR

Sara, Kristine, Ingrid og Marianne er alle førstegongsfødande. Vi møter dei som høggravide og følgjer dei gjennom ti år. Mødrene deira dukkar også opp, i tillegg til bestemødrer, vener, kjærastar og tanter. Dei bur på ein plass der nesten alle kjenner nesten alle, og slik kan dei ikkje unngå å møtast.

2022_TVL_Modrevariasjoner_1249x426 (1).jpeg

Mødrevariasjonar er nyskriven, nynorsk dramatikk. Dramatikar og regissør Lene Therese Teigen har skapt ei verd med ulike variasjonar over det å vere mor, med vestlandsblikk.  

 

27.2.23, Marit Bendz, scenekunst.no:

 

Muntert og mangfaldig om mor

Alle kjenner ei mor. I “Mødrevariasjonar” finst mange sjatteringar av mødrer, intenst og leikent formidla med både skjemt og alvor.

"Fire førstegongsfødande gler seg og kvir seg, slik dei har gjort alle stader, til alle tider. Dei har også til felles at dei skal bli den beste mamma i heile verda, både nittenåringen som ingen trur skal klare den rolla og ho som har vore ein tur på fertilitetsklinikk fordi den biologiske klokka tilseier at no er det snart for seint. Vi følgjer dei frå før fødselen til ungane er kring ti år gamle. I løpet av desse åra kjem kvinnene nær kvarandre, gjennom familiedrama, nye graviditetar, skilsmål og nye kjærastar. Dei ler med og av kvarandre, rasar mot kvarandre, men trøyster mest.

Barnevogner og spøt
Ingrid, Kristine, Sara og Marianne trillar og spøtar. For dei som ikkje veit det; eit spøt er eit strikketøy. Alle skikkelege kvinner som ventar barn spøtar små barnekle – med større og mindre hell. Lene Therese Teigen har skrive manus på oppmoding frå teatersjef Cecilie Lundsholt og har sjølv regissert framsyninga. Som austlending med røter på Vestlandet, har ho vore medveten på at handlinga er lagt til ein mindre stad her i vest, og der strikkar dei ikkje, dei spøtar. Bakkane er bratte og alle veit alt om alle.

Men dei fire har også tolv andre roller å spele, som dei hoppar inn i og ut av i eit fantastisk tempo. Dei taklar det briljant. Her kjem bestemødrer, systrer, tanter og andre kvinner innom, vi møter den innoverande mora til einebarnet Kristine, og det alkoholiserte motstykket i mor til løvetannbarnet Sara. Det vert litt vanskeleg å halde styr på alle, kven var no ho mor til? Men det gjer ikkje så mykje. Intensiteten i møta mellom dei fire kvinnene driv handlinga framover, spekka med attkjennelege episodar, lun humor og pinlege augneblink. Vi har vore der sjølv, eller vi har sett det blant slekt og vener. Ho som gav opp amminga første veka, og ho som knapt klarer å slutte å amme. Vi kjenner att ho som er så sliten att ho går over streken når ungen hylskrik, og vi har sett ungjenta som brått vert vaksen.

Heilstøypt
Ingrid (Idun Losnegård) er den vaksne, fornuftige odelsjenta som ofra doktoravhandlinga si på universitet for sin eigen odelsgard og naboguten. Som ho seier; eg er etla til å skaffe odelsungar til to gardar. Innimellom skiftar ho rolle til den kontrollerande mora til Kristine (Oda Alisøy), som bruker desse ti åra til å lausrive seg. Tenåringen Sara (Carina Furseth) veks seg opp til den klokaste og mest stabile av dei, medan den lesbiske psykologen Marianne (Katrine Lunde Mackenzie) slit med å få kjærasten sin til å flytte etter «ut på landet». Alle er imponerande tydelege, sterke og overtydande i rollane sine.

Scenografien er genial. Dette er utan tvil Vestlandet med alle dei bratte kleivene der det er eit slit å trille barnevogn – tungt oppover og livsfarleg nedover. Dei fire elementa på scena minner om skateramper, sceneskifta gjev oss ein pause til å late førre tablå søkke inn. Kvinnene sklir sakte rundt på scenen og flyttar på desse klossane medan den meditative musikken senkar puls og tempo, med høve til publikum å reflektere over det dei nettopp har sett og høyrd, til å assosiere over det å vere mor, og å ha ei mor. Så tek det av att, for her er lite daudpunkt. Replikkane fell i eit rasande tempo, av og til snakkar mødrene direkte til publikum, og av og til så fort at eg mistar poenget.

Sårt og spinnvilt
Midt i framsyninga er vi brått på gamleheimen, noko som minner meir om eit innslag i ein bygderevy enn del av teaterstykket. Men vi er jo på bygda, og det er morosamt, dei fire får til gangs ta ut komikarane i seg. Likevel vart dette for meg eit rart brot på flyten i forteljinga.

Eit sårt og vondt element gjennom heile framsyninga er ho som går kvilelaus langs vegen  trillande på ei barnevogn med ei dukke i. Vi vert minna om at ein graviditet også kan vere ei katastrofe, som ein kontrast til all denne morslykka, og at strikkepinnane som tidvis flyg gjennom rommet også har vore nytta til anna enn å spøte opp gjennom tidene.

Mytane om mor er mange. Mødrevariasjonar tek oss ned på jorda, inn i røyndomen. Det er både smerte og lykke, livet ditt vert snudd på hovudet og forholdet til di eiga mor endrar seg.  Samstundes er forteljinga høgaktuelt med tanke på stoda i Norge i 2023, med barselbrøl, nedlegging av fødeklinikkar og jordmormangel på den eine sida og låge fødselstal, kvinner som ikkje kan får barn eller ikkje vil ha barn på den andre.

Eg tilrår alle kjønn ein tur på Teater Vestland. Særleg menn – dei har og ei mor, ei syster, kanskje ei dotter eller ein jentekjærast, og dei kan få eit lite innblikk i den løyndomsfulle verda til kvinner når ingen menn er til stades. Mest av alt er Mødrevariasjonar ei hylling av MOR, av kvinner på godt og vondt. Men mest godt."

MEDVIRKENDE

 

LENE THERESE TEIGEN
Scenetekst, regi
CHRISTINE LOHRE
Scenograf og kostymedesigner

TOV RAMSTAD

Komponist, lyddesign

KRYSTIAN MYSKA

Lysdesign

 

SKUESPILLERE 

Oda Alisøy

Carina Furseth

Idun Losnegård

Katrine Lunde Mackenzie

 

PREMIERE
24.februar 2023

Teater Vestland

PRODUSENT

Teater Vestland
ved teatersjef Cecilie Lundsholt

TILGJENGELIG SPRÅK

Nynorsk

 

PUBLIKASJONER

Etterord: Meir om mødrer

Podcasten Bak maska: Om å skrive ny, norsk dramatikk

Podcasten Bak maska: Om å regissere eigen dramatikk

UTGIVELSER

Solum bokvennen, 2022

bottom of page